Styret:

Kristin Ribe (leiar og kasserar)
Harald Nortun (styremedlem)
Kristin Lian Berg (styremedlem)
Mathias R. Samuelsen (styremedlem)
Thea Selliaas Thorsen (styremedlem)
Annouso Røe og Tor Walder (varamedlemmar).

Trøndersk Forfattarlag vart stifta i 1977 og er ein organisasjon for i hovudsak skjønnlitterære forfattarar og dramatikarar. Laget har i overkant av 80 medlemmar, rundt 60 av desse er busette i dei to trøndelagsfylka.

Forfattarlaget samarbeider med Norsk Forfattarsentrums kontor i Midt-Norge om ulike litteraturarrangement, mellom anna den årlige hagefesten ved Adrianstua ved Ringvebukta i Trondheim. Adrianstua var heimen til forfattaren Kristian Kristiansen og blir no av Trondheim kommune leigd ut som forfattarbustad. Dei som har budd der er Tale Næss (1997-2002), Ingrid Storholmen (2002-2007) og frå 2008 Arild Vange.

Lagets stipendkomite deler ut stipend frå Laila Holms minnefond (utan søknad). Stipendet er finansiert av ei gåve frå vår avdøde medlem Laila Holm og har gått til Idar Lind (2000), Tale Næss (2003), Yngve Lintoft (2005), Dag Skogheim (2008) og Marte Huke (2011).

Unless otherwise stated, the content of this page is licensed under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License